I dag er det laurdag 14. april. Om nokre timar går flyet mitt til Svalbard, der eg saman med resten av klassa mi skal tilbringe dei fjorten neste dagane – elleve av dei på tur. Det er òg på dagen ein månad til eg skulle ha stått på Nordkapp, pakka og klar for å ta fatt på den lange turen sørover til Lindesnes fyr. Diverre vert det ikkje slik..
Eg har dei siste fire-fem månadane jobba med dette prosjektet nesten kvar dag, og alt i frå sponsorarbeid, til rutelegging, proviantering og pakkeliste har eg grundig planlagt. I tillegg til dette har eg vitja både lege og tannlege for å unngå unødige overraskingar undervegs, og då eg denne veka var til legen for å få svar på ein MR-undersøkjing av knea mine fekk eg denne leie beskjeden:
”Det er påvist rifter i menisken i begge kne, små nok til at eg førebels kan avvente operasjon, men likefullt for store til at det vil vere forsvarleg å gå 250mil til fots i ulendt terreng.”
Beskjeden kom ganske uventa, og etter å no ha nytta dei siste tre døgera til å vurdere om eg skulle skrinnleggje planane, eller om eg ville forsøke å gjennomføre trass i legen sine råd, har eg altså bestemt meg for å lytte til gode råd og droppe turen. Eg må berre beklage til alle som har støtta og hjulpe meg, sponsorar, vener og familie, men eg ser det slik at eg trass alt berre er 20 år gamal og knea mine skal halde i enno mange år. Hadde eg vore 40 ville eg kanskje ha latt eventyrlysta få råde, men eg har her latt fornufta overstyre viljen til å gå, og er i god tru om at det vil løne seg på sikt.
Eg nytta gårsdagen til å varsle familie og sponsorar om nyhenda, og her har det berre vore god støtte og stor hjelpsemd å hauste. I tillegg har eg starta å finne alternative løysingar for å framleis kunne nytte mykje av sommarfria ute i det fri, og slik det no ser ut vil eg nytte heile juli månad i Rondane som dreng på Bjørnhollia turistforeningshytte. Her vil eg få mykje tid til turar rundt om i nasjonalparken, og samstundes kunne få arbeida litt og med det spart opp nokre kroner til studiestart i august. Litt vandring i Sunnmørsfjella og på Finnmarksvidda skal nok òg kunne prioriterast, så eg vonar at eg kan klare å få mange gode sommarminner trass i endringa som no har hendt!
Eg reiser som sagt til Svalbard i dag, og trass i skuffelsen som framleis sit godt i kroppen gler eg meg til fantastiske dagar på vandring i isbjørnens rike. Sekken er ferdigpakka, kroppen er klar og rifla er pussa. Med klassemottoa ”På de villeste veier”, og ”Det nytter ikke stresse” skal vi i Arktis-klassa innta Svalbard og gjere det vi gjer best: Nyte villmarka!
(Bileta er frå påskehøgtida som vart nytta hjå mor i Tromsø og i Langfjordbotn hjå Arne Karlstrøm)
This slideshow requires JavaScript.


